Zephyrbreen 1 er ein isbre som er kring 13 km lang, og som flyt vestover frå sørvestsida av Mount Edgell og ut i George VI Sound til sør for Cape Jeremy. Breen vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1948, og British Antarctic Survey (BAS), 1971-72. Han vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1966 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1977 etter Zephyrus, vestavinden. Fleire stader i området er kalla opp etter vindar.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Zephyr Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).