Namnleddet dale er vanleg i Yorkshire, men Yorkshire Dales er vanlegvis forbeholdt dalføra nord for Wharfe. Dei fleste av dalane har namn etter elva som renn gjennom dei, med unntak av Wensleydale (byen Wensley, ikkje elva Ure) og Arkengarthdale (danna av Arkle Beck).
Geografi
Det mest karakteristiske landskapet er grøne, høgtliggande beitemarker, kor sau og storfe beitar, delt inn av steingardar. Dalane har både 'V'- og 'U'-form, dei fleste av dei gravne ut av isbrear under den siste istida. Fjellet er for det meste kalkstein, med noko skifer og sandstein.
I 1954 vart 1770 km² definert som nasjonalpark. Det meste av han ligg i North Yorkshire, men sidan grevskapsreformen i 1974 har delar av han høyrt til Cumbria. Meir enn 20 000 menneske bur i parkområdet, og det er meir enn åtte millionar vitjande i året.