Yavne var ein av dei store antikke byane på den sørlege kystsletta, 20 km sør for Jaffa, 15 km nord for Ashdod og 7 km aust for Middelhavet.[2] Det er gjort utgravingar på ein gammal haug ved byen. I somme tider, særleg i bysantinsk tid, spreidde busetnaden seg over sletta og åsane kring haugen.[2]
Det vart gjort utgravingar i 2001 som avdekte fleire gravplassar ved nordsida av haugen. Dei fleste av daterte til seinare jernalderen. Ei grav vart funnen å vere frå seint i bronsealderen.
Bibelen refererer til Yavne'el (Josva 15:11; 2 Krøn. 26:6-8) (stundom skrive som Jebneel), ein grenseby mellom stammeområda til Juda og Dan. I romartida vart byen kalla Iamnia, òg skrive Jamnia. Han gjekk i arv frå kong Herodes til systera Salome. Då ho døydde gjekk han til keisar Augustus som tok landsbyen som sin private eigedom, ein status byen hadde i minst eit hundreår.[3]
Krossfararane kalla byen Ibelin og bygde ei borg der i 1141. Namnet kjem frå adelsfamilien Ibelin, som var viktig i kongedømet Jerusalem og seinare i Kongedømet Kypros. Ibelin vart erobra av Saladin i 1187. Utgravingar vest for haugen har avdekt 53 krossfararmyntar frå 1100- og 1200-talet.[4]
Maqam Abu Hurayra, skildra som «eit av dei finaste mausolea med kuppel i Palestina», ligg i Yavne. Sidan 1100-talet har det vore kjend som grava til Abu Hurairah, ein følgjesvein (sahaba) til den islamske profeten Muhammed. Etter 1948 vart heilagdomen teken av over av sefardiske jødar som trur grava er gravstaden til rabbien Gamaliel av Yavne.[5]
Før Israel vart grunnlagd, låg den arabiske landsbyen Yibna der.[6]
Utdanning
I følgje CBS var det i 2001 16 skular og 7 445 elevar i Yavne.