Ness Ziona (hebraisk skrift נֵס צִיּוֹנָה, Nes Tziyona) er ein by i det sentraleIsrael som vart grunnlagd i 1883. Mot slutten av 2009 hadde byen eit folketal på 38 100,[1] og dekkjer eit område på 15,5 kvadratkilometer.[2]
Historie
Nahalat Reuben
Ness Ziona vart først kalla Nahalat Reuben (tyder «eigedomen til Reuben») etter Reuben Lehrer, som eigde område. I 1878 kjøpte Templer Reisler landområde i Wadi Hunayn, og planta ein frukthage. Han budde der med familien sin. ETter kona og barna døydde av malaria, reiste han attende til Europa. Han reiste til Odessa i 1882 og møtte Reuben Lehrer, ein russisk jøde med sionisttankar, som eigde jordbruksland der. Reisler byta landområdet i Palestina mot landområdet til Lehrer i Russland. Lehrer utførte ein aliyah med den eldste sonen Moshe i 1883, og førte kona og dei sju barna over året etter.[3][4]
Lehrer marknadsførte i hamna nær Jaffa etter andre som kunne bli med han. Pionerane grunnla eit nabolag kalla Tel Aviv (byen Tel Aviv fanst då ikkje) sjølv om området framleis gjekk under det arabiske namnet Wadi Hunayn.[4] I 1888 vart Avraham Yalovsky, ein smed, drepen då han forsvarte eigedomen sin mot arabiske gjengar.[5]
I 1891 kjøpte Michael Halperin meir land i dalen. Han samla ei gruppe folk på Kjærleiksåsen og reiste eit blått og kvitt flagg med orda Ness Ziona («Banneret til Sion») skriven i gull. Namnet er basert på eit vers i Jeremia 4:6. Flagget likna det israelske flagget, som den første sionistkongressen tok i bruk sju år seinare.[3][4]
Arabiske åtak
Ness Ziona vart angripen av arabiske styrkar under arabaropprøret 1936–39, og den arabisk-israelske krigen i 1948. Dei nærliggande landsbyane Kfar Aharon og Tirat Shalom (i dag ein del av Ness Ziona) var ofte i kampar med dei arabiske landsbyane al-Qubayba og Zarnuqa (i dag vestlege Rehovot).[6] Det emste av ungdomen i Ness Ziona vart med i Haganah for å kjempe mot arabarane. Den 15. mai 1948 vart Sarafand evakuert for arabiske innbyggjarar, og den 19. mai vart al-Qubayba og Zarnuqa erobra av Givati-brigaden. Mange av dei flyktande arabarane frå dei kringliggande landsbyane, flytta til Ness Ziona og området til byen auka kort tid etter krigen.[6]
I Israel
Under krigen vart folketalet i Ness Ziona nesten tredobla til 4 446 (i følgje ei teljing den 23. oktober 1949), og fram til 1950 absorberte den lokale kommunen 9 000 olim, dei fleste husa i ma'abarot. I 1952 vart det godkjend eit nytt industriområde for byen med eit område på 70 mål. In 1955 vart det godkjend eit industriområde til.[6]
Byen har vore representert på det øvste nivået i israelsk fotball av to klubbar. Maccabi Ness Ziona spelte på det øvste nivået den første sesongen etter det israelske sjølvstendet, men tapte alle kampane og rykka ned.[10] Ein ny klubb, Sektzia Ness Ziona vart skipa i 1956 og nådde det øvste nivået i 1966, men dei òg rykka ned etter berre ein sesong. Etter å ha blitt nedlagt, vart klubben starta opp att som Ironi Ness Ziona i 2001, og har sidan gått attende til det gamle namnet sitt og nådd Liga Leumit, det andre nivået.
↑ 4,04,14,2HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 692. ISBN965-448-413-7.