World Geodetic System 1984 (WGS 84) er eit geodetiskreferansesystem som blir nytta som det einskapelege grunnlaget for posisjonsfastsetting på jorda og det jordnære verdsrommet.
WGS 84 frå 1984 er gjeldande revisjon; tidlegare revisjonar var WGS 72, WGS 64 og WGS 60.
Det satellittbaserte navigasjonssystemet GPS er blant anna basert på WGS 84, og alle nye norske kart blir laga etter dette referansesystemet.
Komponentar
Systemet er bygd opp av:
Ein referanseellipsoide som på enklast og best mogleg måte er tilpassa jordoverflata slik at den kan brukast til å gje posisjonar med geografisk lengde og breidde.
Ein detaljert modell av jordforma, som jo avvik frå den idealiserte forma – ein såkalla geoide. Den gjeldande er EGM96 (Earth Gravitational Model 1996).
NIMA Technical Report TR8350.2Arkivert 2017-07-04 ved Wayback Machine. Department of Defense World Geodetic System 1984, Its Definition and Relationships With Local Geodetic Systems, Third Edition, National Geospatial-Intelligence Agency. Den offisielle versjonen av standarden WGS 84.