Wetmorebreen er ein isbre som er kring 65 km lang, og som flyt søraust mellom Rare Range og Latady Mountains og ut i norddelen av Gardnerfjorden. Han vart oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, under Finn Rønne, som namngav breen etter Alexander Wetmore, som var sekretær i Smithsonian Institution, og som assisterte Rønne i å planlegge forskinga på ekspedisjonen.
Sjå òg
Kjelder