West Coast på New Zealand

West Coast
region
Land  New Zealand
Areal 23 276 km²
Folketal 31 575 (6. mars 2018)[1]
Kart
West Coast på New Zealand
42°36′S 171°24′E / 42.6°S 171.4°E / -42.6; 171.4
Kartet viser folketettleiken i West Coast ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.
Kartet viser folketettleiken i West Coast ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.
Kartet viser folketettleiken i West Coast ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.
Wikimedia Commons: West Coast Region

West Coast er ein regionNew Zealand som ligg på vestkysten til Sørøya. Han er eit av dei mest avsidesliggjande og sparsamast folkesette områda i landet. Regionen har ei flatevidd på 23 276 km², og er sett saman av tre distrikt: Buller, Grey og Westland. Dei største byane er Greymouth, som òg er administrasjonssenter i regionen, Westport og Hokitika.

Namn

  • For newzealendarar tyder uttrykket The Coast generelt West Coast på Sørøya, og Coasters dei som bur der.[2][3]
  • Fiordland ligg geografisk på vestkysten til Sørøya, men har ikkje vegsamband til West Coast, og meir av Fiordland ligg i regionen Southland enn i West Coast.

Geografi

Regionen West Coast strekkjer seg frå Kahurangi Point i nord til Awarua Point i i sør, i ei lengde på 600 km. Mot vest ligg Tasmanhavet (som liksom Sørishavet er kjent for å vera svært vêrhardt, og fire m dønningar er vanlege), og mot aust er fjellrekkja Søralpane. Mykje av landet er ulendt, men der er sletter langs kysten der mykje av folket bur.

Mange finn landskapet i regionen vakkert, med opprivne kystlinjer, fjell, og ein stor del naturlege skogar, mange av desse er tempererte regnskogar. West Coast er den einaste delen av New Zealand der det står att større mengder av naturleg låglandsskog; på Canterbury Plains og i Firth of Thames har dei til dømes vorte nesten totalt fjerna av busetnadar og jordbruk. Av kjende omtykte naturområde har ein Haast Pass, isbreane Fox og Franz Josef Glacier, Pancake Rocks ved Punakaiki og Heaphy Track.

Regionen har ei stor nedbørsmengde på grunn av den dominerande nordvestlege vindretninga og plasseringa av fjellrekkja Søralpane - desse to elementa er årsak til stor orografisk nedbør. På den andre sidan fører dette til regnskuggeeffekten som er årsaka til det relativt tørre vêrlaget i Canterbury Plains på den andre sida av Søralpane.

Historie

West Coast var busett av maoriar, som verdsette området for dei verdfulle (taonga) førekomstane av grønstein (pounamu) som det var rikeleg av her.

West Coast var berre sporadisk oppsøkt av europearar før det vart funne gull nær Taramakau River i 1864 av to maoriar, Ihaia Tainui og Haimona Taukau. Mot slutten av året reknar ein med at det var om lag 1 800 gullgravarar i West Coast, mange av dei i området kring Hokitika, som, ei kort stund i 1866 var ein av dei mest folkerike busetnadane på New Zealand.

Dagens West Coast-region var delt mellom provinsane Nelson og Canterbury frå 1853, men i 1873 danna Canterburydelen av regionen sin eigen provins, Westland, til provinsinndelinga vart oppheva i 1876.

Økonomi

Eit stort gullrusj fann stad mellom 1864 og 1867, og danna fleire gullgravarbyar som Okarito, som ei tid var den mest folkerike byen i West Coast, men som snøgt nesten vart borte då gullgravarane flytta vidare. Etter denne tida har folketalet svinga, men dei større byane som enno finst på vestkysten har etter kvart vorte stabilt etablerte.

Etter utvinninga av pounamu og gull, vart kol det neste verdfulle mineralet for utvinning. Førekomstar nær Buller River vart oppdaga midt på 1840-talet, og gruvedrifta tok for alvor til i løpet av 1860-åra. I 1880-åra var utvinning av kol hovudnæringsvegen i regionen, og det var talrike kolgruver i den nordlege halvdelen, særleg kring Westport. Mange av gruvene var i drift fram til midt på 1900-talet, og fleire er enno i produksjon.

Hovudnæringsvegar i West Coast er gruvedrift etter kol og gull, skogbruk og treindustri, og også fiske, turisme og jordbruk. Mjølkeproduksjonen har vakse sterkt, og det lokale meierisamvirket Westland Milk Products vart verande uavhengig då dei fleste andre gjekk saman og danna landbrukssamvirket Fonterra i 2001. Andre verksemder er produksjon og sal av smykke laga av jade, innsamling av torvmosar og steinsamlingar til bruk i hagelandskap. West Coast hadde i 2007 ein av dei snøggast veksande økonomiane av regionane på New Zealand,[4] sjølv om det er i ein heller liten skala.

Tømmerdrift har lenge vore ein viktig næringsveg i regionen; i dei seinare åra har det utvikla seg ei ujamn jamvekt mellom skogsdrift etter trevyrke og skogsdrift med tanke på bevaring. Mykje av regionen er offentlege landområde som vert administrert av Miljøverndepartementet, New Zealand Department of Conservation, og regionen har somme av dei beste attverande førekomstane av naturlege skogar, og ei mengd sjeldan dyreliv. Økoturisme er no ein viktig industri i regionen, og han går hand i hand med med arbeidet med å ta vare på naturen.

Busetnad

Typisk oppriven kystlinje i West Coast.
Vanleg vêr i West Coast.

Regionen er spreidd busett, særleg i sør, og ved folketeljinga i 2018 hadde han 31 575 innbyggjarar, ein auke frå 31 326 i 2006, 30 303 i 2001, men nokså stabilt samanlikna med talet i 1996 (32 511).[5]

Dei største byane i West Coast er Greymouth, Westport, og Hokitika. Ei stund under gullrusjet hadde Hokitika eit folketal på meir enn 25 000 og briska seg med over 100 pubar. Ei nyoppbygging av ein tidleg newzealandsk busetnad er å finna ved Shantytown.

Flora og fauna

West Coast er også kjend for å ha den einaste hekkeplassen på New Zealand til den sjeldne Kotuku, som hekkar nær Okarito Lagoon, og som kan opplevast på tilrettelagde turar frå den den vesle jordbruksbusetnaden Whataroa. Denne fuglen, som er svært sjeldan på New Zealand, er prega på den newzealandske 2-dollarmynten.[6]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.stats.govt.nz/tools/2018-census-place-summaries/west-coast-region.
  2. West Coast - Regional Information (frå nettsider på 'New Zealand Tourism Online')
  3. The West Coast New Zealand (frå nettsida 'A New Zealand Travel Guide')
  4. History Arkivert 2010-05-25 ved Wayback Machine. (frå heimesida til Buller District Council)
  5. Statistics New Zealand, arkivert frå originalen 19. november 2008, henta 8. november 2008 
  6. New Zealand Coinage Specifications (frå heimesida til Reserve Bank of New Zealand. Vitja 8. november 2008.)

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: West Coast på New Zealand

Read other articles:

هذه المقالة تحتاج للمزيد من الوصلات للمقالات الأخرى للمساعدة في ترابط مقالات الموسوعة. فضلًا ساعد في تحسين هذه المقالة بإضافة وصلات إلى المقالات المتعلقة بها الموجودة في النص الحالي. (ديسمبر 2018) وايشان 武夷山市  خريطة الموقع تقسيم إداري البلد  الصين[1] التقسيم الأعل...

 

KM Malta Airlines IATA ICAO Kode panggil KM KMA SKY KNIGHT Didirikan2 Oktober 2023Mulai beroperasi31 Maret 2024AOC #MT-80PenghubungBandar Udara Internasional MaltaArmada8Tujuan17Kantor pusatLuqa, Malta OwnerPemerintah Malta Karyawan375Situs webhttps://www.kmmaltairlines.com KM Malta Airlines Ltd adalah maskapai penerbangan nasional baru dari Malta yang diluncurkan pada tanggal 31 Maret 2024, dengan bandar udara penghubung di Bandar Udara Internasional Malta. Maskapai penerbangan ini mengganti...

 

DaneseDanskParlato in Danimarca Fær Øer Groenlandia Germania Islanda Norvegia Svezia Minori comunità di locutori danesi sono inoltre presenti in Canada e negli Stati Uniti come conseguenza dell’immigrazione. RegioniEuropa settentrionale LocutoriTotale5,6 milioni di parlanti (Ethnologue, 2022) Classifica100 (2019) Altre informazioniScritturaAlfabeto latino TipoSVO flessiva (ordine semilibero) TassonomiaFilogenesiLingue indoeuropee Lingue germaniche&...

12th Miss Grand Thailand competition, beauty pageant edition Miss Grand Thailand 2025Bangkok, the host city for the final roundVenueMGI Hall, Bravo BKK Mall, BangkokBroadcasterYouTubeEntrants77Placements20← 2024 Miss Grand Thailand 2025 (Thai: มิสแกรนด์ไทยแลนด์ 2025) will be the 12th edition of the Miss Grand Thailand pageant.[1] Contestants from seventy-seven provinces of the country will compete for the title.[2][3] The co...

 

若纳斯·萨文比Jonas Savimbi若纳斯·萨文比,摄于1990年出生(1934-08-03)1934年8月3日 葡屬西非比耶省Munhango(葡萄牙語:Munhango)逝世2002年2月22日(2002歲—02—22)(67歲) 安哥拉莫希科省卢库塞效命 安哥拉民族解放阵线 (1964–1966) 争取安哥拉彻底独立全国联盟 (1966–2002)服役年份1964 – 2002军衔将军参与战争安哥拉独立战争安哥拉內戰 若纳斯·马列罗·萨文比(Jonas Malheiro Savimbi,1...

 

COVID-19 pandemic in Argentina (من الأعلى ، من اليسار إلى اليمين) خطة تتبع جهات الاتصال Detectar الجارية في بوينس آيرس للعثور على مرضى مصابين بـ COVID-19تنظيف مترو أنفاق بوينس آيرسراكب دراجة وضابط شرطة يرتدون أقنعة في سانتا فيقارورة المكون الأول من لقاح Sputnik V في يد مسعف أرجنتيني Number of confirmed cases per...

Macroeconomic concept describing conditions with a very low nominal interest rate This article needs to be updated. Please help update this article to reflect recent events or newly available information. (September 2021) Japan bonds Inverted yield curve in 1990 Zero interest-rate policy starting in 1995 Negative interest rate policy started in 2014   30 year   20 year   10 year   5 year   2 year   1 year Japan money supply and infla...

 

Lukas 4Lukas 6:4-16 pada Papirus 4, yang ditulis sekitar tahun 150-175 M.KitabInjil LukasKategoriInjilBagian Alkitab KristenPerjanjian BaruUrutan dalamKitab Kristen3← pasal 3 pasal 5 → Lukas 4 (disingkat Luk 4) adalah pasal keempat Injil Lukas pada Perjanjian Baru dalam Alkitab Kristen. Disusun oleh Lukas, seorang Kristen yang merupakan teman seperjalanan Rasul Paulus.[1][2] Teks Naskah aslinya ditulis dalam bahasa Yunani. Sejumlah naskah tertua yang memuat salinan...

 

Standardized geospatial reference system Geodesy Fundamentals Geodesy Geodynamics Geomatics History Concepts Geographical distance Geoid Figure of the Earth (radius and circumference) Geodetic coordinates Geodetic datum Geodesic Horizontal position representation Latitude / Longitude Map projection Reference ellipsoid Satellite geodesy Spatial reference system Spatial relations Vertical positions Technologies Global Nav. Sat. Systems (GNSSs) Global Pos. System (GPS) GLONASS (Russia) ...

Russian poet, playwright and novelist (1799–1837) Pushkin redirects here. For other uses, see Pushkin (disambiguation). In this name that follows Eastern Slavic naming customs, the patronymic is Sergeyevich and the family name is Pushkin. Alexander PushkinАлександр ПушкинPortrait by Orest Kiprensky, 1827Born(1799-06-06)6 June 1799Moscow, Russian EmpireDied10 February 1837(1837-02-10) (aged 37)Saint Petersburg, Russian EmpireOccupationPoetnovelistplaywrightLanguageRus...

 

Election in Rhode Island Main article: 1852 United States presidential election 1852 United States presidential election in Rhode Island ← 1848 November 2, 1852 1856 →   Nominee Franklin Pierce Winfield Scott Party Democratic Whig Home state New Hampshire New Jersey Running mate William R. King William Alexander Graham Electoral vote 4 0 Popular vote 8,735 7,626 Percentage 51.37% 44.85% County Results Pierce   40-50%   50-60% ...

 

Steve Chabot Steven Joseph Chabot (/ˈʃæbət/ SHAB-ət; lahir 22 Januari 1953) adalah seorang politikus dan pengacara Amerika Serikat yang menjadi anggota DPR sejak 2011. Sebagai anggota Partai Republik, ia sebelumnya menjabat dari 1995 sampai 2009. Kehidupan pribadi Chabot tinggal dengan istrinya Donna di Westwood. Mereka memiliki dua anak dan seorang cucu.[1] Referensi ^ About Steve | U.S. House of Representatives. Diarsipkan dari versi asli tanggal 2020-12-09. Diakses tangga...

Pour les articles homonymes, voir Saint-Grégoire. Saint-Grégoire La mairie. Héraldique Logo Administration Pays France Région Bretagne Département Ille-et-Vilaine Arrondissement Rennes Intercommunalité Rennes Métropole Maire Mandat Laëtitia Remoissenet 2024-2026 Code postal 35760 Code commune 35278 Démographie Gentilé Grégoriens Populationmunicipale 9 837 hab. (2021 en augmentation de 4,92 % par rapport à 2015) Densité 569 hab./km2 Géographie Coordonnées 48...

 

Johannes Agricola BiografiKelahiran20 April 1494 Lutherstadt Eisleben Kematian22 September 1566 (72 tahun)Berlin Profesor Data pribadiAgamaGereja Lutheran PendidikanUniversitas Martin Luther Halle-Wittenberg KegiatanSpesialisasiTeologi, Reformasi Protestan dan literary activity (en) Pekerjaanteolog, penulis, dosen, filsuf, Reformator Protestan Bekerja diUniversity of Wittenberg (en) AliranRenaisans Jerman Artikel ini bukan mengenai Johann Friedrich Agricola. Johann atau Johann...

 

Pour les articles homonymes, voir Quinze-Juillet. Éphémérides Juillet 1er 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31         15 juin 15 août Chronologies thématiques Croisades Ferroviaires Sports Disney Anarchisme Catholicisme Abréviations / Voir aussi (° 1852) = né en 1852 († 1885) = mort en 1885 a.s. = calendrier julien n.s. = calendrier grégorien Calendrier Calendrier perpétuel Liste de calendriers Naissances du jour m...

جزء من سلسلة مقالات حولالمغالطات المنطقية عام المنطق الفلسفي الرياضي الاستدلال الحجة المفارقة المغالطة التفكير النقدي مغالطات صوريَّة في حساب القضايا تأكيد الانفصال تأكيد النتيجة نفي المقدمات مغالطة المغالطة في المكممات الوجودية تأكيد النتيجة استدلال بالأمثلة تبديل م...

 

Transition from solid to gas Sublimates redirects here. For other uses, see Sublimation (disambiguation). Not to be confused with subliminal stimuli. Dark green crystals of nickelocene, sublimed and freshly deposited on a cold finger Sublimation of iodine Sublimation is the transition of a substance directly from the solid to the gas state, without passing through the liquid state.[1] The verb form of sublimation is sublime, or less preferably, sublimate.[2] Sublimate also ref...

 

Telephone numbers in Metropolitan France5 geographic zonesLocationCountryMetropolitan FranceContinentEuropeRegulatorARCEPTypeClosedNSN length9Format0x xx xx xx xxAccess codesCountry code33International access00Long-distance0 The French telephone numbering plan is used in Metropolitan France, French overseas departments and some overseas collectivities. Since 1996, Metropolitan France uses a ten-digit closed numbering plan, where the first two digits denote a geographic area, mobile or non-ge...

Pour les articles homonymes, voir Mouraviov. Nikolaï Mouraviov-AmourskiNikolaï Mouraviov-AmourskiFonctionMembre du Conseil d'État de l'Empire russeTitre de noblesseComteBiographieNaissance 11 août 1809Saint-PétersbourgDécès 18 novembre 1881 (à 72 ans)17e arrondissement de ParisSépulture Cimetière de MontmartreNationalité russeAllégeance Empire russeFormation Corps des PagesActivités Explorateur, diplomate, homme politiquePériode d'activité À partir de 1827Famille Fa...

 

Mossos d'Esquadra Major In this Catalan name, the first or paternal surname is Trapero and the second or maternal family name is Álvarez; both are generally joined by the conjunction i. Major dels Mossos d'EsquadraJosep Lluís Trapero ÁlvarezJosep Lluís Trapero led the investigation and the press conferences of the 2017 Barcelona attacks.[2]Born1965[3]Badalona, Catalonia, Spain[4]Alma materOpen University of CataloniaInstitut de Seguretat Pública de Ca...