Werner Mountains er ei fjellkjede som ligg like vest-sørvest for New Bedfordfjorden og mellom Meinardus- og Bryanbreen i Palmer Land. Fjella vart oppdaga og fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41, og vart kartlagde av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Fjellkjeda vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Abraham Gottlob Werner (1750–1819), ein tysk geolog og mineralog.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Werner Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).