Welcome Nunatak er ein relativt liten, men markant og kjegleforma nunatak som ligg for seg sjølv nord for Reuther Nunataks i Founders Peaks i Heritage Range. Han vart namngjeven av geolog-gruppa frå University of Minnesota i 1963-64. Gruppa nytta motorsledar på turen og nunataken var eit gledeleg syn fordi det tydde at dei snart var ved leiren sin ved Camp Hills.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Welcome Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).