Vinrankeslekta eller vinslekta (Vitis) er ei slekt i vinrankefamilien. Ho omfattar mellom anna arten ekte vinranke (Vitus vinifera). Arten er ein gamal kulturvekst. Frukta av av vinranken er eitt av dei viktigaste landbruksprodukta til middelhavslanda, og er blitt brukt til å laga vin sidan antikken. Drueplanten likar seg best i jordsmon med mykje kalk og stein. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.
Nokre artar
vinrake eller Vitis vinifera, den europeiske vindrua.
Vitis labrusca, nordamerikansk bord- og druesaft, av og til nytta til vin. Vert dyrka aust i USA.
Vitis riparia, frå Nord-Amerika, vert dyrka i austlege delar av USA.
Vitis rotundifolia, vert nytta til gelé og av og til vin. Vert dyrka i det sørlege USA og ved Mexicogolfen.
Vitis aestivalis, sommarvin, sorten 'Norton' vert nytta til vin, vert dyrka i det austlege USA.
Resedavinranke, Vitis vulpina, vert dyrka i det austlege USA
Vitis californica er viktig for den kaliforniske vinindustrien fordi den er motstandsdyktig mot vinlus og toler klimaet.