Vestfold Hills er eit område med runde åsar på nordsida av Sørdsdalbreen på Ingrid Christensen Kyst i Antarktis. Åsane dekkjer eit område på 411 km2 og er delt inn i tre halvøyar som strekkjer seg verstover med smale fjordar i mellom. Dei fleste av åsane er 30 til 90 meter høge og den høgaste av dei er nesten 160 meter over havet.
Geografi
Vestfold Hills er stort sett snø- og isfrie og vert derfor klassifisert som ein antarktisk oase. Eit omfattande vassdrag med over 300 innsjøar og tjern ligg i åsane[1] inkludert det som truleg er den største konsentrasjonen av meromiktiske (lagdelte) innsjøar i verda.[2] Regionen inneheld 37 permanent lagdelte vatn,[3] inkludert seks sjøbasseng og sju basseng som vert isolert frå havet til somme tider av året. Desse lagdelte bassenga er òg særs varierte. Dei varierer frå eit saltinnhald frå 4 g L-1 til 235 g L-1, med temperaturar frå -14 til 24 ºC, djupne frå 5 til 110 moh, i areal frå 3,6 til 146 hektar og eit overflatenivå frå 30 meter under havnivå til 29 meter over.[4] Regionen inneheld ein stor innsjø.
Historie og namngjeving
Åsane vart oppdaga av kaptein Klarius Mikkelsen som i lag med kona og sju av mannskapet (mellom anna skipstannlegen Leif Sørsdal) på den norske kvalskuta «Thorshavn» gjekk i land her den 20. februar 1935. Caroline Mikkelsen vart dermed den første kvinna som sette fot på det antarktiske kontinentet.