Verdscupen i skihopping 2006

Verdscupen i skihopping 2006 omfatta 22 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 25. november 2005 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 19. mars 2006. Dei 22 individuelle tevlingane fordelte seg på 20 i storbakkar og 2 i skiflyging.

Tsjekkiske Jakub Janda tok heim den store FIS-premien, framom dei siste års vinnar, finske Janne Ahonen. Janda sigra i 5 av enkeltrenna, sveitsaren Andreas Küttel i 3 renn.

Austerrike tok flest poeng samla sett, med Finland på andreplass og Noreg på tredje.

Individuelt

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Jakub Janda  Tsjekkia 1151 5
2 Janne Ahonen  Finland 1024 2
3 Andreas Küttel  Sveits 980 3
4 Roar Ljøkelsøy  Noreg 875 1
5 Thomas Morgenstern  Austerrike 846 1
6 Bjørn Einar Romøren  Noreg 757 2
7 Andreas Kofler  Austerrike 699 1
8 Michael Uhrmann  Tyskland 681
9 Adam Małysz  Polen 634 1
10 Andreas Widhölzl  Austerrike 594
11 Matti Hautamäki  Finland 563 2
12 Takanobu Okabe  Japan 500
13 Lars Bystøl  Noreg 495 1
14 Janne Happonen  Finland 484 2
15 Martin Koch  Austerrike 383
16 Robert Kranjec  Slovenia 327 1
17 Simon Ammann  Sveits 305
18 Georg Späth  Tyskland 282
19 Daiki Itō  Japan 267
20 Tami Kiuru  Finland 265
21 Noriaki Kasai  Japan 249
22 Dmitrij Vasiljev  Russland 237
23 Tommy Ingebrigtsen  Noreg 208
24 Michael Neumayer  Tyskland 205
25 Jernej Damjan  Slovenia 172

Kjelder