Planica (uttalt [plaˈnìːtsa]) er ein alpedal nordvest i Slovenia. Dalen går sørover frå grensebyen Rateče, ikkje langt frå skistaden Kranjska Gora.
Planica er kjent for den største skiflygingsbakken i verda, Letalnica, som ligg i dalen. Bakken har verdsrekorden på 239 meter, sett av Bjørn Einar Romøren.