Venzkebreen er ein brei isbre som flyt nordover mellom Bowyer Butte og Perry Range og ut i Getzisen på kysten av Marie Byrd Land. Isbreen vart oppdaga og fotografert frå lufta under U.S. Antarctic Service i desember 1940. Han vart kartlagt i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og U.S. Navy fotografi, 1959-66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein Norman C. Venzke, i USCG, befalshavande på USCGC «Northwind» i Antarktis, 1972 og 1973, som deltok på fleire andre Deep Freeze-operasjonar som skipsoffiser på isbrytarar.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Venzke Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).