Veøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta som Veøy formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1965 vart det meste av Veøy slegen saman med kommunane Eid, Grytten, Hen og Voll til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde denne delen av Veøy 1 400 innbyggjarar.
Sekken, Veøya og Nesjestranda i Veøy vart samtidig overført til Molde kommune. I desse tre krinsane var det ved samanslåinga 756 innbyggjarar.
Veøya, som ligg sentralt i Romsdalsfjorden der mange fjordarmar møtest, var den første «byen» i Romsdal, og sentrum for handel med vidare i vikingtida og mellomalderen. Veøy gamle kyrkje er frå omkring 1200, den nye Veøy kyrkje står på Sølsnes, på fastlandet.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Veøy kommune frå 1900 til 1964:
1900[1]
|
1910[1]
|
1.12.1920[2]
|
1.12.1930[3]
|
3.12.1946[3]
|
1.1.1951[4]
|
1.1.1961[4]
|
1.1.1964[5]
|
2445
|
2459
|
2414
|
2191
|
2369
|
2400
|
2239
|
2156
|
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Veøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)