Utsjok[1] (finsk Utsjoki, nordsamisk Ohcejohka, skoltesamisk Uccjokk) er den nordlegaste kommunen i Finland, i området Lappland. I Utsjok kommune bur det 1362 menneske (2016), flatevidda er 5370,5 km². Nabokommunar er Enare, og i Noreg Karasjok, Tana og Nesseby.
Utsjok er den einaste kommunen i Finland som har samisk fleirtal. Han har tre større busetnader: Administrasjonssenteret Utsjoki by, Karigasniemi og Nuorgam. Utsjok er den nordlegaste kommunen i EU og Nuorgam den nordlegaste tettstaden.
Kommunen høyrde til det tidligare Lapplands län.