Enare (finskInari, svenskEnare, nordsamiskAnár, enaresamiskAanaar og skoltesamiskAanar) er ein kommune i Finland, i Lapplands län. Kommunen sitt innbyggjartal er 6 799 og flatevidda er 17 321 kvadratkilometer, av dei er 2 148,5 kvadratkilometer vatn. Breddegraden er 69°N, 28°Ø.
Enare er etter flatevidda den største kommunen i Finland. Enare sjø (fi. Inarijärvi, svensk Enare träsk) er den største sjøen i Lapplands len (1 102 km²). Enare er den einaste firespråklege kommunen i Finland, i tillegg til finsk er kommunen nord- enare- og skoltesamisk.
Den største tettstaden i Enare er Ivalo (enares. Avveel, nords. Avvil, skoltes. Âˊvvel).