Utsjan-su (ukrainsk Учан-Су, russisk Уча́н-Су, krimtatariskUçan Suv) er ei elv som renn langs sørkysten av Krimhalvøya. Namnet kjem frå krimtatarisk for 'rasktrennande vatn'.
Elva munnar ut i Svartehavet i sentrum av byen Jalta. Ho spring ut ved foten av Ai-Petri, renn gjennom eit kløft og dannar 2 km frå kjelda Utsjan-su-fossen, som ligg 390 meter over havet. Fossen har ei høgd på 98 meter.
Elva vert nytta til vassforsyning og kunstig vatning.