Uskedal kyrkje er ei langkyrkje i bindingsverk frå 1914 i Kvinnherad kommune i Vestland fylke. Kyrkja har 226 sitjeplassar. Ho vart teikna av Olaf Nordhagen og innvigd i 1914. I 1964–65 vart ho ombygd etter planar av Ole Halvorsen.
Kyrkjegarden er eldre enn kyrkja. Han vart teken i bruk i 1897 og hadde då eit klokketårn. Det står eit servicebygg ved parkeringsplassen sør for kyrkjegarden.