Grindheim kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1724[1] i Etne kommune i Vestland. Kyrkja har våpenhus i vest og eit rett avslutta kor i aust, men ikkje noko tårn. Nord for koret er eit sakristi i bindingsverk frå 1954–55.[2] Kyrkja har 248 sitjeplassar.
På kyrkjegarden står Grindheimkrossen, som vart funnen i kyrkjegardsmuren i 1905.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Fotnotar
- ↑ «Norges kirker»
- ↑ Kyrkjesøk