Uri er ein kanton i det sørlege, sentrale Sveits. Kantonen grensar til kantonane Schwyz i nord, Glarus i nordaust, Graubünden i søraust , Ticino i sør, Valais i sørvest, og i vest til Bern, Obwalden og Nidwalden. Uri har eit areal på 1 077 km2 og hadde 36 500 innbyggjarar i 2018. Kantonen er ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første eidsforbundet. Altdorf er hovudstad i Uri.
Geografi
Uri ligg i det sentrale Sveits, mellom Vierwaldstättersjøen i nord og Sankt Gotthard-passet i sør. Landskapet er prega av fjell, og rundt 56% av areal er uproduktivt. Om lag 3/4 av innbyggjarane bur i dei lågastliggande delane av kantonen, på Reuss-sletta. Høgste fjellet i Uri, og i Uri-Alpane, er Dammastock på 3 630 moh, medan Vierwaldstättersjøen på 434 moh er lågaste punktet.
Språk og religion
Tysk er embetsspråk i Uri. Den tyske dialekta i Uri høyrer til den høgalemanniske dialektgruppa. Ein innbyggar i kantonen ver kalla for ein 'urner'.
Eit stort fleirtal, 86% av innbyggjarane, soknar til den romersk-katolske kyrkja. Evangeliske kristne utgjer 6%.
Næringsliv
Dyrkamarka i Uri ligg i dalen langs elva Reuss. På dei nedre fjellsidene er det vide beitemarkar. Skogbruk er ein av dei viktigaste sektorane i landbruket. Vasskraftproduksjonen spelar ei stor rolle. I Altdorf er det kabel- og gummifabrikkar. Turisme er ei viktig inntektskjelde i kantonen. En tettgreina nett av vegar lettar turistferdsla til fjerntliggjande område i fjella.
Namnet Uri stammar truleg frå det gamle tyske ordet Aurochs som tyder vill okse. Det tradisjonelle våpenskjoldet er eit oksehovud.
I 1274 erkjende den mektige Rudolf av Habsburg dei særrettane Uri hevda å ha. Uri var ein av dei tre kantonane som i 1291 underskreiv alliansebrevet (Bundesbrief) som vert rekna som grunnlegginga av føderalstaten Sveits. I 1386 deltok Uri i slaget ved Sempach, der dei austerrikske styrkane vart slegne. Uri sin anneksjon av landområdet Urseren i 1410 kom som ei følgje av slaget.
Regionen stod mot den protestantiske reformasjonen og vart verande romersk-katolsk. Under republikken Helvetia var Uri ein del av kantonen Waldstätten. Etter dette, som ein del av meklingsavtalen av 1803, fekk Uri tilbake sjølvstendet sitt. Alle forsøk i retning religiøse eller konstitusjonelle reformer vart avvist. Uri var ein av medlemskantonane i separatistrørsla Sonderbund i 1840-åra. Denne katolske ligaen vart slått av det sveitsiske eidsforbundet sine militære styrkar i 1847, noko som førte til at den føderale grunnlova for Sveits vart vedteken i 1848.