Basel-Stadt

Basel-Stadt
Bâle-Ville, Basilea Città, Basilea-Citad
kanton
Våpen
Forkorting: BS
Land  Sveits
Del av North West Switzerland, Nordvest-Sveits
Hovudstad Basel
Høgaste punkt St. Chrischona
 •  høgd 522 moh.
Areal 36,95 km²
Folketal 200 973 (30. september 2021)[1]
Kanton sidan 1501
Kart
Basel-Stadt
47°34′00″N 7°36′00″E / 47.566666666667°N 7.6°E / 47.566666666667; 7.6
Kart som viser Basel-Stadt.
Kart som viser Basel-Stadt.
Kart som viser Basel-Stadt.
Wikimedia Commons: Canton of Basel-Stadt

Basel-Stadt er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 137 km² og har 200 000 innbyggarar i 2021. Han er den minste kantonen, og den med største folketettleiken. Byen Basel er hovudstaden i kantonen.

Geografi

Utsyn mot Bettingen og Basel frå fjernsynstårnet St. Chrischona.
Kommunekart over Basel-Stadt.

Kantonen ligg på begge sider av Rhinen. Han grensar i vest mot regionen Alsace i Frankrike og i aust mot delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. I sør grensar han mot kantonen Basel-Landschaft.

Språk og samfunn

Tysk er både skriftspråk og talemål i kantonen. 30,3% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar, der italienarar med sine 5,3% er den største gruppa. Av dei sveitsiske statsborgarane er høvesvis 27% og 25% protestantar og romersk-katolske.

Kommunar

Basel-Stadt består av tre kommunar: Basel, Bettingen og Riehen.

Historie

Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Stadt saman med Basel-Landschaft kantonen Basel. Dei to kantonane vart omtala som «halvkantonar» fram til 1999, då dette omgrepet vart fjerna frå den sveitsiske grunnlova. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har berre éi røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Basel-Stadt