Tweed
![]() Tweed (uttalt twi:d) er ein type grovt ullstoff som opphavleg var eit skotsk husflidprodukt. I dag viser omgrepet til vevnadar av grovspunne kardegarn som er melert eller einsfarga i enkle bindings- og fargemønster.[1] Stoffet er særleg knytt til Sør-Skottland, og blei opphavleg laga av eitt garn som hadde to eller fleire fargar.[2] Ordet «tweed» oppstod truleg som ei feillesing av tweel, det skotske ordet for tvill (eller ei forkorta form av tweeled), hjelpt av namnet til elva Tweed i Skottland.[2] Tweed er særleg knytt til britiske klede frå edvardiansk tid (byrjinga av 1900-talet). Dei blei brukte av eliten og seinare av middelklassen til friluftsaktivitetar som jakt, golf, sykling og bilkøyring. I tillegg til i jakker, vestar og bukser (som nikkers) er tweed eit vanleg stoff for sikspensluer. Stoffet har hatt oppsving i bruken på 1960-talet og på 2000-talet. Kjelder
|