Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Tryllestavar i Harry Potter

Tryllestavar i Harry Potter-serien er laga av forskjellige tresortar, med ein magisk og kraftig kjerne. Det er eit par ting ein må hugse kva gjeld tryllestavar (dette gjeld Olivanders- tryllestavar, sidan alle tryllestavmakarar har ulik oppskrift).

  • Ikkje to tryllestavar er like.
  • Ein magikar vil aldri få eit ordentleg resultat viss han bruker tryllestaven til ein annan magikar.
  • Viktigast av alt; tryllestaven vel magikaren, ikkje omvendt.

Både Gygrid og Ronny Wiltersen greier å utføre trylleformlar med øydelagde tryllestavar, men resultata er likevel uføreseieleg.

Tryllestavprodusentane:

Olivanders

Olivanders ser litt shabby ut, med flassande gullbokstavar over døra og ein einaste tryllestav på ei bleik pute i vindauget. Butikken er liten, støvete og stille, og det kjennest litt som å vere i eit veldig strengt bibliotek. Men i staden for bøker er hyllene fylte med tusen av små, tynne boksar som er stabla fint opp mot taket.

Olivanders ser ut til å driven av ein slags hemmeleg magi. Herr Olivander er ein elskverdig gammal magikar, med breie, bleike, sølv-aktige auge og lange fingrar. Herr Olivander kan hugse alle av tryllestavane han har selt.

Han blir innkalla til Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom i Harry sitt fjerde år (Harry Potter og ildbegeret) for å vere til stades ved vervinga av tryllestavane til tretrollmannsturneringa. Olivanders butikk i Diagonallmenningen er no forlaten etter Harry Potter og Halvblodsprinsen.

Gregorovitsj

Gregorovitsj er ein magikar frå Aust-Europa, og er produsenten bak Viktor Krumm sin Tryllestav. Han blir av dei fleste vurdert som endå betre i profesjonen sin enn Olivander sjølv. Han pensjonerte seg for nokre år sidan og Viktor Krumm var ein av dei siste som fekk ein stav laga av han.

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya