Troll A![]() Troll A er ei oljeplattform (gassplattform), sett opp for å utvinna naturgass frå Trollfeltet. Bygginga av Condeep-plattforma var eit av dei største ingeniøroppdraga gjennom historia. Statoil er operatør for feltet. Gassen vert send inn til Kollsnes i Øygarden kommune, der gassen vert prosessert. Plattformunderstellet vart bygd av Norwegian Contractors for Norske Shell, som var operatør i utbyggingsfasen, medan plattformdekket vart bygd ved Aker Stord. Plattformaunderstellet er bygd av armert betong. Ho står på havbotnen 303 meter under havoverflata. Gass vert utvunne frå 40 gassbrønnar, og vert frakta gjennom ulike røyrleidningar. Understellet og dekket vart bygd kvar for seg (med byggestart i 1991-1992). Dekket vart sett på medan understellet var delvis søkt ned. Troll A vart taua over 200 km frå Vats, nord i Rogaland fylke, og ut til Trollfeltet 80 km nordvest for Bergen. Då plattforma vart taua ut i Nordsjøen i 1995, vart det sendt på fleire fjernsynskanalar. Tauinga tok sju dagar. I oktober 2006 heldt Katie Melua ein konsert nedst i det eine betongbeinet til Troll A plattforma. Konserten sette ein ny Guiness verdsrekord for å vera den konserten som er halden djupast under havoverflata. Nokre fakta
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
|