Trojan Range er ei fjellkjede på 2760 moh, som strekkjer seg nordover frå Mount Francais langs austsida av Iliadbreen på Île Anvers i Antarktiske Arkipel. Fjella vart kartlagde av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1955 og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Troja frå Illiaden til Homer.[1]
Fjell
- Mount Hector er eit snødekt fjell på 2225 moh mellom Mount Francais i South Mount Priam i den sørlege delen av Trojan Range. Det vart kartlagd frå FIDS i 1955. Det vart namngjeve av UK-APC etter Hektor, son til Priam og øvstkommanderande for trojanarane og den allierte armeen mot akajarane i Illiaden av Homer.[3]
- Mount Priam er den sentrale delen av Trojan Range, og ligg 7 km nord for Mount Francais. Det har ein flat topp og er snødekt med ei høgd på 1980 moh. Det vart kartlagd i 1955 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Priam, kongen av Troja i Illiaden.[4]
- Xanthus Spur er ein hovudsakleg isdekt utstikkar som strekkjer seg 5 km nordvestover frå Mount Priam. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1955 og kalla opp etter Xanthus, sonen til Zevs og guden guden over dei to største elvane på Trojasletta.[5]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Trojan Range» (innhald frå Geographic Names Information System).