Torsby kommun er ein kommun i Värmlands län i landskapetVärmland. Centralort er Torsby noko som gjer kommunen til ein av dei 42 som har eit tidlegare municipalsamhälle som centralort. Kommunen er den 22. største i Sverige ut frå areal og er større enn Vestfold fylke. Dagens utstrekning fekk han i første halvdel av 1970-åra ved samanslåinga av kommunane Fryksände, Östmark, Vitsand, Norra Ny og Finnskoga Dalby. Venskapskommunen til Torsby i Noreg er Bømlo kommune.
Torsby kommun er med i den svensk-norske samarbeidsregionen som blir kalla ARKO, og er med i same arbeidsmarknadsområde som Sunne kommun.