Kommunen ligg ved grensa til Noreg og Västra Götalands län, med nærleik til større byar som Oslo, Karlstad og Göteborg. Størstedelen av kommunen ligg i landskapet Värmland, men ein liten del i søraust ligg på Dalboredden i nordlegaste Dalsland.
1971 vart Årjängs kommune skipa gjennom samanslåinga av köpingen med Sillerud og Holmedal. Kommunen fekk den noverande forma si i 1974 då Töcksmark vart lagt til.
Kommunevåpenet
Årjängs kommunvapen er nyskapt etter kommunedanninga og registrert hos PRV1974. Av dei tidlegare einingane hadde såvel köpingen som Töcksmarks landskommun våpen tidlegare. Begge gjekk ut frå motivet i Nordmarks häradssigill, som synte ein bjørn. Det nye kommunevåpenet vart skapt som ein kombinasjon av dei to tidlegare våpna.
Niklas Biesèrt, brukseigar og politikar. Riksdagsmann 1873-81, 1884-91.
Elof Biesèrt, forretningsmann og politikar (liberal). Medlem av det andre kammeret til riksdagen 1900-07. Medlem av første kammeret 1911. Finansminister 1905-06.
Sigurd Nilsson, Hesteopprettar som alte upp storhesten Callit som i august 1987 vann VM-løpet på Roosevelt Raceway i New York og slo heile verdseliten.