Thomas Simpson (20. august1710–14. mai1761) var ein sjølvlærd britisk matematikar. Han arbeidde ei tid som vevar og skreiv samstundes A New Treatise on Fluxions (1737) (forbetra utgåve 1750). I 1743 vart han professor ved akademiet i Woolwich. Frå 1754 til 1760 var han òg redaktør av magasinet Ladies' Diary (1754–60). Simpson har gjeve namn til Simpsonformelen, som er ein særs nyttig metode for numerisk integrasjon.