The Snow Goose er det tredje studioalbumet til bandet Camel, utgjeve i 1975. Etter at dei fekk god kritikk[2] for «The White Rider»-suiten (basert på J.R.R. Tolkien sin Ringdrotten for det førre albumet sitt, Mirage frå 1974), vart gruppa inspirert til å skrive meir romaninspirert musikk.[2]
Innspelinga
Bandet vurderte fleire romanar å basere det neste albumet sitt på. Ei stund hadde dei planar om å gå for Siddhartha av Hermann Hesse, og somme songar vart skrivne før dei skrinla ideen til fordel for Paul Gallico-romanen The Snow Goose. Namnet på albumet, som opphavleg var The Snow Goose, vart endra til Music Inspired by The Snow Goose etter at Paul Gallico truga med søksmål.[3] Albumet skulle opphavleg ha tekstar basert på tekstane til Gallico, men dette gjekk dei bort frå på grunn av brot på opphavsretten. Musikken vart i hovudsak skriven i løpet av fjorten dagar i ei hytte i Devon i England.[3]
Frakken på omslaget vart nytta av Andrew Latimer og Doug Ferguson på «Epitaph» for å simulere venger i lufta.
Albumet kom ut i april 1975 og nådde til slutt 22. plassen på den britiske albumlista den sommaren.[4] Han låg 13 veker inne på lista og selde til sølvplate. I USA kom albumet ut i juli og nådde 162. plassen. Albumet vart òg ein kritikarsuksess og selde godt i Europa og Japan.[2] I 2014 vart det kåra til det 31. beste progalbumet gjennom tidene av lesarane av magasinet Prog.
2013-utgåva
The Snow Goose vart spelt inn på ny i mai 2013 og gjeve ut i november som ei hyllest til originalbesetinga. Innspelinga låg tett til originalarrangementet.[5][6]
Konsertversjonar
Suksessen til albumet førte til ein utseld konsert i Royal Albert Hall i London med London Symphony Orchestra i oktober 1975, som seinare kom ut som ein del av eit dobbelt konsertalbum, A Live Record (1978). Melody Maker erklærte Camel å vere «det lysaste håpet» i Storbritannia og dei fekk spele på The Old Grey Whistle Test på BBC, der dei framført ein medley av «Snow Goose» og på radioprogrammet In Concert. For å marknadsføre albumet valde Decca å gje ut ein forkorta versjon av «Flight of the Snow Goose/Rhayader» som singel i mai.
Camel la ut på ein kort turné hausten 2013, der dei framførte heile The Snow Goose for første gongen sidan konserten i Royal Albert Hall i 1975.[7]Andrew Latimer fekk med seg Colin Bass, Denis Clement, Guy LeBlanc og Jason Hart for denne turneen.