Minimoogen vart kom på marknaden då synthesizerar byrja å verta nytta i rock og pop. Store modular synthesizerar var dyre, tungvindte og skrøpelege og ikkje ideelle å nytte på scenen. Minimoogen vart designa til å inkluderte dei viktigaste delane av ein modular synthesizer i ein kompakt innpakning, utan at ein trong koplingssnorer. Instrumentet vart derimot etter kvart eit særeige og populært instrument på eiga hand. Det er framleis i bruk i dag, meir enn førti år etter det vart lansert, på grunn av den intuitive utforminga og dei kraftige bass- og sololydane.