The Great Twenty-Eight er eit samlealbum av Chuck Berry, utgjeve i 1982 på Chess Records. I 2003 vart albumet rangert på 21. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, den nest høgaste plasseringa til samlelalbum på lista etter The Sun Sessions av Elvis Presley. Det er ikkje lenger i trykk, men 28 av songane finst på Anthology frå 2000.