One Dozen Berrys er det andre studioalbumet til Chuck Berry. Det vart gjeve ut i mars 1958 på Chess Records. Med unntak av fem spor, «Rockin' at the Philharmonic», «Guitar Boogie», «In-Go», «How You've Changed» og «It Don't Take but a Few Minutes», var alle songane tidlegare gjevne ut på singlar. Albumet kom òg ut i Storbritannia. I 2012 vart albumet gjeve ut i lag med Chuck Berry Is on Top på same CD.