The Beatles er det niande albumet til The Beatles, eit dobbeltalbum som kom ut i 1968. Det vert ofte berre kalla The White Album sidan det ikkje har noko tekst på framsida anna enn namnet på bandet (og på tidlege LP- og CD-utgåver, eit serienummer) på eit elles heilt kvitt omslag. Albumet var det første The Beatles gav ut etter at manageren deira Brian Epstein døydde. Det vart opphavleg kalla A Doll’s House, men tittelen vart endra etter at det britiske progressive bandet Family gav ut eit album tidlegare same året kalla Music in a Doll’s House.
I 1997 hamna The Beatles på 10. plass på ei liste over dei beste albuma gjennom tidene laga av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q albumet på 17. plass på ei liknande liste, medan det i 2000 hamna på 7. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[11] I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 albumet på 11. plass over dei største albuma gjennom tidene.[12] I 2006 valde Time Magazine ut albumet som eit av dei hundre beste nokon gong.[13] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 10. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene i 2003.[14]
Oppfølgjaren til Magical Mystery Tour, albumet og den katastrofale filmen, var The Beatles (White Album) som markerte eit vendepunkt for bandet og vart tolka av nokre tilhengjarar til å vere byrjinga på slutten for The Beatles.
Med dette albumet starta kvart enkelt medlem i The Beatles å arbeide med å vise djupna og rekkevidda for sine individuelle talent i låtskriving. Musikken og stilen som vart spelt inn på dette albumet peikar direkte framover mot det som skulle verte kvar enkelt medlem sine solokarrierar. I staden for eit samla heile, er det doble albumet eit sprikande kaos av songar.
Ein av songane på albumet er McCartney-songen «Helter Skelter», ein av dei aller første heavy metal-songane. «Helter Skelter» er eit fast uttrykk på engelsk og tyder «over hals og hovud». Dessverre har songen fått eit dystert ettermæle ved at Charles Manson og mordarbanden hans feiltolka songen til å tyde ei form for apokalypse og stimuli for massemord.
Songane
Dei fleste songane på albumet er personlege og refererer til interne forhold. Til dømes er songen «Dear Prudence» om syster skodespelarinna Mia Farrow, Prudence, som var med dei transcendentale meditasjonsklassane i Rishikesh i India på den same tida som enkeltmedlemmane av The Beatles var der med venner. Faktisk er mange av songane på Det kvite albumet skrive på turen til India. Songen «Sexy Sadie» handlar om Maharishi Mahesh Yogi som leia meditasjonsklassane. «Glass Onion» er Lennon sin song der han syng direkte til trufaste tilhengjarar som nytta mykje tid på finne skjulte meiningar i tekstane til the Beatles. Songen referer til mange andre songar og driv gjøn med desse.
Yoko Ono gjer sin første opptreden, saman med Pattie Harrison, der ho er med å kore på den skranglete songen «Birthday». Ono song òg ei enkel strofe på Lennon sin «Bungalow Bill» og hadde særs stor innverknad på utforminga av Lennon sin musique concrète kalla «Revolution 9»
Eric Clapton vart invitert av Harrison til å spele sologitar på Harrison-songen «While My Guitar Gently Weeps». Spenninga i bandet hadde alt starta å verte spent, og Harrison følte at dei andre ikkje tok songane hans alvorleg. Han inviterte derfor ein utanforståande til innspelinga slik at dei andre vart nøydd til oppføre seg profesjonelt. Clapton trong den same teneste sjølv seinare, og fekk Harrison til å delta på innspelinga av songen «Badge» for gruppa Cream. Harrison nytta då pseudonymet ‘L'Angelo Misterioso’.
Fleire av songane som vart spelt inn for dette albumet vart ikkje nytta på endelege albumet og nokre av desse skulle verte dei største hittane til The Beatles. «Hey Jude» (gjeve ut som ein singel med «Revolution» som B-side) var ein slik song. To andre songar som ikkje vart nytta skulle seinare dukke opp i piratutgåver og sirkulere i fleire tiår i undergrunnen før dei omsider vart offisielle med utgjevinga av dei tre Anthology-utgåvene: Harrison sin «Not Guilty» og Lennon sin «What’s The New Mary Jane?».
Albumet vart produsert og arrangert av George Martin og var det første albumet som vart gjeve ut på nye plateselskapet Apple Records og det einaste originale dobbeltalbumet frå The Beatles. Martin sjølv var personleg misnøgd med utforminga av dobbeltalbumet og råda The Beatles til å redusere talet på songane og heller la dei sterkaste songane råde grunnen på eit enkelt album. The Beatles overstyrte han på godt og vondt.
Mono-versjonen
The Beatles (White Album) var òg det aller siste albumet som vart gjeve ut i ein eigen og unik mono-miks i Storbritannia som alternativ til stereo-utgåva. 29 av dei 30 songane på albumet fekk eigen mono-miks, anti-songen «Revolution 9» var unntaket og har aldri vorte gjeve ut på CD. Enkelte land fekk eigne mono-utgåve seinare, men dei var miksa frå stereo-utgåva, og var ikkje ein unik miks i seg sjølv.
Omslaget
Omslaget vart laga av Richard Hamilton, ein kjend popkunstnar som hadde organisert ei retrospektiv utstilling med dadaistenMarcel Duchamp på Tate Gallery året før. Designet til Hamilton stod i sterk kontrast til det liveige og fargeriket omslaget til Peter Blake på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som vart gjeve ut i 1967. Hamilton nytta berre ein enkel, naken, kvit firkant med namnet på gruppa (som òg var tittelen på albumet) diskret utheva i pappen på førstesida. Kvart enkelt omslag hadde òg eit unikt trykt serienummer, som i følgje Hamilton var for «å skape den ironiske situasjonen av ei nummerert utgåve av noko som var gjeve ut i fem millionar eksemplar …». På seinare utgjevingar fann ein det praktisk å trykke albumtittelen i svart. Ermane på albumet inkluderte forutan platene òg ein plakat, songtekstane og fire portrettfotografi som var tekne av John Kelley i august 1968. Desse portretta har sidan vorte fotografiske ikon.
Ettermæle
Det kvite albumet, både musikken og konsept til albumet, har hatt stor påverknad på populærmusikken og den indre kulturen i popverda. På 1990-talet har både Prince og Metallica laga album med sine eigne namn som tittelen som er vorte trykte på heilt svarte omslag. Begge vart omtalte som «Det svarte albumet» (Black Album). I 2003 gav rapparen Jay-Z eit album som òg offisielt vart heitande The Black Album. To samlingar av Beatles-songar, gjevne ut i 1973 som The Beatles 1962-1966 og The Beatles 1967-1970 har uoffisielt vorte kalla Det raude albumet og Det blå albumet med klar referanse til fargesystemet. Begge albuma til Weezer med artisten sitt namn som tittel har vorte heitande Det blå albumet (1994) og Det grøne albumet (2001).
I 2004 gav Brian Burton (òg kjend som DJ Danger Mouse) ut albumet The Grey Album, ei uautorisert remiksalbum som seinare vart distribuert på Internett med strofer frå The Beatles (White Album) saman «a cappella»-versjonen av Jaj-Z sitt The Black Album. EMI og Apple Records var ikkje nøgde med dette.
Innhald
Alle spor skrivne av Lennon–McCartney, utanom der andre er nemnde
Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal;[15] bass, akustisk, solo og rytmegitar; akustisk og elektrisk piano, Hammondorgel;[15] ymse perkusjon (pauker,[23] tamburin, kubjølle, shaker, klapping, tramping og vokal perkusjon);[24] trommer (på «Back in the U.S.S.R.», «Dear Prudence», «Wild Honey Pie» og «Martha My Dear»);[25] blokkfløyte[26] og flygelhorn;[27]
George Harrison – solo-,[28] harmoni- og korvokal;[29] solo- og rytmegitar, akustisk gitar og bassgitar;[29] Hammondorgel (på «While My Guitar Gently Weeps»);[30] ekstra trommer og ymse perkusjon (tamburin, klapping og vokal perkusjon) og lydeffektar[31]
Yoko Ono – korvokal, solovokal og klapping på «The Continuing Story of Bungalow Bill»,[38] korvokal på «Birthday»,[36] tale, lydband og lydeffektar på «Revolution 9»[39]
Barry Sheffield – lydteknikar (Trident Studio)[50]
Chris Thomas – produsent;[47]Mellotron på «The Continuing Story of Bungalow Bill»,[38]cembalo på «Piggies»,[51] piano på «Long, Long, Long»,[52] elektrisk piano, orgel og saksofonarrangement på «Savoy Truffle»[53]