«Rocky Raccoon» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney.
McCartney fekk inspirasjon til songen då han spelte gitar for John Lennon og Donovan i India. The Beatles og vener var i 1968 her for å studere transcendental meditasjon.
Charles Manson feiltolka (som med andre Beatles-songar) «Rocky Raccoon» til å vere føreseieleg om rasekrig mellom kvite og svarte. Då tilhengjarane til Manson massakrerte Sharon Tate og andre den 9. august 1969 prøvde dei å få massakren til å sjå ut som om afroamerikanske menn var skuldige ved å legge igjen førarkortet til ein svart mann.
Songen, som ei stund heitte «Rocky Sassoon», er ei parodisk western-historie, støtta opp av eit tidstypisk honky-tonk piano spelt av produsent George Martin. Teksten har fleire teatralske element, som «Her name was Magill / and she called herself Lill / but everyone knew her as Nancy,» og fleire referansar til Gideons bibel. Gideon Society er ei gruppe som plasserer biblar på hotell.
- Now somewhere in the black mountain hills of Dakota
- There lived a young boy named Rocky Raccoon
- And one day his woman ran off with another guy
- Hit young Rocky in the eye, Rocky didn't like that
- He said I'm gonna get that boy
- So one day he walked into town
- Booked himself a room in the local saloon.
Då Lennon vart spurt om songen sa han bitande: «Trur du verkeleg eg kunne ha skrive ein song om Gideons bibel og slike ting?»
Medverkande
- Personell per Ian MacDonald
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Kjelder