The Apprentice er det 15. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn. Det vart spelt inn i CaVa Studios i Glasgow i Skottland. Albumet vart gjeven ut på Permanent Records.
Albumet var i stor grad ferdig to år før det kom ut. Selskapet til Martyn på den tida, Island Records, avviste opptaka av songane i 1988, sjølv om dei kunstnarisk ikkje var langt unna det førre albumet hans, Piece by Piece. Martyn fekk fullført innspelingane for sine eigne pengar og i 1990 fekk han gjeve albumet ut på Permanent Records.[1]
Innhald
Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.
|
1. | «Live On Love» | 4:08 |
2. | «The River» | 4:26 |
3. | «Look at the Girl» | 4:37 |
4. | «Income Town» | 4:29 |
5. | «Send Me One Line» | 5:38 |
6. | «Deny this Love» | 4:18 |
7. | «Hold Me» | 4:53 |
8. | «Upo» | 3:52 |
9. | «The Apprentice» | 4:31 |
10. | «The Moment» | 3:48 |
11. | «Patterns in the Rain» (Foster Patterson) | 3:44 |
|
12. | «Deny This Love» (remix) | |
13. | «The Apprentice» (live) | 0 |
14. | «The River» (live) | 0 |
15. | «Send Me One Line» (live) | 0 |
16. | «Look at the Girl» (live) | 0 |
Medverkande
- John Martyn - gitar, vokal
- Foster Patterson - klaverinstrument
- Aran Ahmun - trommer
- Colin Tully - saksofon på «The River», «Upo»
- Andy Shepherd - saksofon på «Deny This Love», «Send Me One Line», «Look At The Girl»
- Danny Cummings - perkusjon, korvokal
- Danusia - korvokal
- Taj Wyzgowski - rytmegitar på «Live On Love», «The Apprentice»
Kjelder