Live at Leeds er eit konsertalbum av John Martyn. Han gav det ut på eiga hand med eit førsteopplag på 10 000 eksemplar som ofte var nummererte og signerte,[1] etter at Island Records ikkje ønskte å gje ut eit konsertalbum på den tida.[4] Arbeidstittelen var «Ringside Seat» og det vart tekne bilete av Martyn og bassisten Danny Thompson i ein boksering for eit mogeleg plateomslag, men dette vart ikkje nytta.[1] Det vart spelt inn 13. februar 1975 (på omslaget står det feilaktig oktober)[1] på Leeds University, same staden som The Who spelte inn sitt Live at Leeds i 1970.[4]
I 1998 kom ei ny utgåve av plata på Voiceprint/One World med fem bonusspor («My Baby Girl», «You Can Discover», «So Much in Love With You», «Clutches» og «Mailman») frå konserten, inkludert tre songar som Paul Kossoff frå Free var gjesteartist på.[4]
Ei dobbel luksusutgåve vart sett saman av John Hillarby i 2010 for Universal Music. Han inneheld heile konserten frå 1975 med pausar, prat mellom songane og det heile. Plate to inneheld òg 35 minutta med øvingar frå den same ettermiddagen. Versjonane av «Outside In» og «Solid Air» på originalplata (som ikkje vart spelte inn på Leeds-konserten) er erstatta.[4]
Martyn selde plata via postordre og på døra i heimen sin i Hastings.
Innhald
Alle spor skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde