Bless the Weather er det femte studioalbumet til John Martyn, gjeve ut i november 1971. Etter å ha gjeve ut to album med kona si Beverley Martyn er dette det første albumet han gjorde solo igjen.
Då det kom ut fekk albumet den beste kritikken han hadde fått til då og er i dag eit av favorittalbuma til fansen hans hans[4] med songar som «Head and Heart» og tittelsporet. Albumet er hovudsakleg akustisk, men den inneheld den første verkelege echoplex-songen til Martyn med sporet «Glistening Glyndebourne». Gitareffekten nytta han på den akustiske gitaren sin. Martyn flytta til Hastings like før han han spelte inn albumet. I Hastings var fiske og turisme hovudnæringane og dette inspirerte til tittelsporet på plata, som tyder «velsigne vêret».
Enkelte av songane var skrive i studio same dag som dei vart spelt inn og oppfylte ønsket til Martyn om vere spontan.[5]Danny Thompson spelte bass, medan Richard Thompson, Tony Reeves, Ian Whiteman og Roger Powell alle medverka på albumet. Heile albumet vart spelt inn på berre tre dagar.[4]
Bless the Weather fekk gode meldinga i musikkpressa då det kom ut. Martyn spelte på BBC Radio-programmet Live In Concert den 30. desember 1971. Han framførte «Head and Heart», «Singin’ in the Rain», «Bless the Weather» og ein tidleg versjon av «Outside In», som kom ut på albumet Inside Out i 1973.[6]
Musikkmagasinet Q valde Bless The Weather til eit av dei tolv essensielle folkemusikkalbuma gjennom tidene i 1999. I november 2007 vart Bless the Weather inkludert på lista til avisa The Guardian kalla '1000 Albums to Hear Before You Die'.[7]
Innhald
Alle spor skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde