Albumet inneheld to songar skrivne av Peter Rowan — «Panama Red», som vart ein radiohit, og «Lonesome L.A. Cowboy». Ein annan song, «Kick in the Head», vart skriven av Robert Hunter. Donna Jean Godchaux og Buffy Sainte-Marie medverkar med korvokal på fleire spor.
Allmusic skreiv om albumet: «Det er ikkje tradisjonell country, og det er utdatert, men likevel har Panama Red mykje sjarme som ei etterleivning frå fortida. Tittelsporet og 'Lonesome L.A. Cowboy', med den klynkande steelgitaren til Cage, ber mykje av vekta til bandet og skil dei frå praktisk talt alle andre Vestkyst-band som prøvde seg på det same. The Flying Burrito Brothers var meir country og Commander Cody sitt Lost Planet Airmen svinga hardarar, men ein ting The New Riders var meir enn noko anna var stein, og desse songane med titlar som 'Important Exportin Man' og 'Kick in the Head' og tekstar som 'I've been smokin' dope, snortin' coke/Tryin' to write a song/Forgettin' everything I know until the next line comes along' berre understrekar dette. Det raraste er at plata heng så vakkert saman og songane er så stramme utan noko ekstra mellom, og det kjennest som om plata er langt lengre enn dei 29 minuttar ho varer.»[1]