Røtene til The New Riders kan sporast attende til tidleg i 1960-åra og vise- og beatnik-miljøet i San Francisco-området kring Stanford University, der den framtidige Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia ofte heldt konsertar med gitaristen David Nelson. Ein ung John Dawson (òg kjend som Marmaduke») spelte òg på somme av konsertane med Garcia, Nelson og venen deira då han på sommarferie vitja slektningar. Dawson var begeistra for Bakersfield-stilen innan country og fekk dei eldre venene sine til å like Merle Haggard og Buck Owens.
Inspirert av amerikansk folkemusikk, rock and roll og blues, skipa Garcia Grateful Dead (først kalla The Warlocks) med bluessongaren Ron «Pigpen» McKernan, medan Nelson vart med i eit liknande band kalla New Delhi River Band (som sidan kom til å inkludere bassisten Dave Torbert) like etter. Sjølv om dei mangla leiingsmessig innsikt og den kulturelle statusen til Grateful Dead, og valde å bli verande i East Palo Alto i motsetnad til Grateful Dead, som etter kort tid flytta til Haight-Ashbury-området i San Francisco. The New Delhi River Band vart seint i 1966 rekna som husbandet på The Barn, ein av få levedyktige konsertstader utafor San Francisco, i Scotts Valley i California. Gruppa fekk kultstatus i Santa Clara og Santa Cruz under Summer of Love før dei vart oppløyste tidleg i 1968.
Etter ein inaktiv periode, spelte Nelson på Grateful Dead-albumet Aoxomoxoa (1969) og passa på øvingslokalet til Big Brother and the Holding Company, medan gitaristen Peter Albin og trommeslagaren David Getz drog på ein europeisk turné med Country Joe & the Fish etter at Janis Joplin og Sam Andrew slutta frå det førstnemnde bandet i desember 1968. I denne perioden spelte Nelson og Garcia stundom i ei tidleg utgåve av High Country, eit tradisjonelt bluegrassband skipa av restane av visemiljøet kring San Francisco.
Dawson, som slutta på Occidental College i desember 1965 og vart verande i Los Angeles i fleire år etter, og «hengde med musikarar og raringar», hadde kome attende til Los Altos Hills tidleg i 1969, og kunne spele på Aoxomoxoa-innspelingane. Samstundes gjekk han ei kort stund på Foothill College.[2][3] Etter ei oppleving med meskalin i Pinnacles National Park med Torbert og Matthew Kelly, byrja han å skrive songar på fast basis.[2] Somme av songane (som «Glendale Train» og «I Don't Know You») var tradisjonelle country-pastisjar. Fleire andre («Last Lonely Eagle», «Garden of Eden» og «Dirty Business») var ei «psykedelisk country»-blanding liknande det heilt nye bandet til Gram Parsons, Flying Burrito Brothers. «Henry», ein tradisjonell shuffle med moderne tekst om marihuanasmugling, vart òg skriven på denne tida.
Visjonen til Dawson var føregåande, sidan countryrocken oppstod i 1969 via Bob Dylan, The Band, The Flying Burrito Brothers, Dillard & Clark og Clarence White-perioden med The Byrds. På denne tida vart Garcia på liknande vis inspirert til å lære seg å spele pedalsteelgitar, og ei uformell besetning med Dawson, Garcia og den erfarne visemusikaren Peter Grant (på banjo) byrja å spele på kafear og hofbrau-konsertar i lag då Grateful Dead ikkje turnerte. Repertoaret deira omfatta country-standardar, tradisjonelle bluegrass-songar, originale songar av Dawson og eit par songar av Dylan («Lay Lady Lay», «You Ain't Goin' Nowhere», «Mighty Quinn»). Sommaren 1969 valde dei å gjere det til eit fast band og David Nelson vart henta inn for å spele sologitar.
I tillegg til Nelson, Dawson (på akustisk gitar) og Garcia (på pedalsteelgitar), bestod den originale besetninga i det som kom til å bli The New Riders of the Purple Sage (som synte til det Foy Willing-leia Western swing-bandet frå 1940-åra kalla Riders of the Purple Sage, som igjen tok namnet sitt frå ein Zane Grey-roman) av Bob Matthews på elektrisk bass og Mickey Hart frå Grateful Dead. Bassisten Phil Lesh spelte òg sporadisk med bandet som erstattar for Matthews mot slutten av året, som ein kan høyre på demoar spelte inn seint i 1969. Tekstforfattaren Robert Hunter øvde ei kort stund med bandetpå bass tidleg i 1970, før han vart Torbert fekk fast plass i bandet i april det året.[4] Den mest kommersielt suksessrike utgåva av The New Riders kom til å bestå av Dawson, Nelson, Torbert, Spencer Dryden og Buddy Cage.
Gullalderen til NRPS: 1969–82
Etter eit par oppvarmingskonsertar i Bay Area i 1969, byrja Dawson, Nelson og Torbert å turnere i mai 1970 som ein del av «An Evening with the Grateful Dead». Ein akustisk del av konserten til Grateful Dead vart ofte framført i lag med Dawson og Nelson og glei over i ein del med New Riders og ein elektrisk del av Grateful Dead.
Då The New Riders skulle spele inn det første albumet sitt seint i 1970, var det endringar i lufta. Hart slutta mellombels i The Grateful Dead i februar 1971. Sjølv om han bidrog til to spor på albumet, var det den tidlegare trommeslagaren i Jefferson Airplane, Spencer Dryden, som erstatta Hart i The New Riders før han slutta i Grateful Dead. Dryden vart verande med gruppa i ti år, før han gjekk over til å bli manager for dei.
Debutalbumet deira var sjølvoppkalla og kom ut på Columbia Records (i eit ledd i ein langtidsplan av Clive Davis om få signert Grateful Dead) seint i 1971. Det vart ein moderat suksess samanlikna med Grateful Dead-utgjevingane på denne tida, og nådde 39. plassen på Billboard 200-lista.[1] Alle songane på plata var skrivne av Dawson og drivne fram av pedalsteelgitaren til Garcia.
Då The New Riders ønskte å bli ei meir sjølvdriven gruppe og Garcia måtte fokusere meir på andre ting, gjekk han ut av gruppa i november 1971. Den erfarne pedalsteelgitaristen Buddy Cage vart så henta frå Ian and Sylvia sitt Great Speckled Bird for å erstatte Garcia. Det andre albumet deira, Powerglide (1972), var det første med denne besetninga. Plateomslaget på Powerglide bestod av ein karikaturteikning av bandet, teikna av Lore Shoberg.
I 1973 kom The Adventures of Panama Red der Nelson song ein versjon av Peter Rowan-songen «Panama Red» som gjekk jamt og trutt på FM-radio. Albumet nådde 55. plassen på Billboard-lista[1] og sjølv om det selde langsamt, var det til slutt det bestseljande albumet deira og hadde i 1979 selt til gullplate.
I midten av 1970-åra brukte Radio Caroline songen «On My Way Back Home» frå Gypsy Cowboy som kjenningsmelodi for stasjonen. Songen passa fint det album-orienterte formatet til stasjonen på den tida, og inneheld teksten «Flying to the sun, sweet Caroline».
New Riders of the Purple Sage fortsette å turnere og gje ut album gjennom 1970- og tidleg i 1980-åra, men ingen av albuma etter New Riders(1976) gjekk inn på Billboard 200 i kontrast til suksessen til outlaw country-rørsla (med til dømes Willie Nelson og Waylon Jennings) fekk på denne tida og den andre bølgja av countryrockgrupper som Eagles, Pure Prairie League og Firefall. Bandet fortsette å varme opp for fleire konsertar med Grateful Dead og Jerry Garcia Band i 1977 og 1978, mellom anna på den siste konserten før Winterland Ballroom vart lagt ned den 31. desember 1978.
I 1974 slutta Torbert i NRPS. Han og Matthew Kelly hadde skipa bandet Kingfish i lag (mest kjend for at Bob Weir var med då Grateful Dead hadde pause frå seint i 1974 til midten av 1976). Han vart erstatta av Skip Battin (tidlegare i Skip & Flip og i The Byrds tidleg i 1970-åra), som etter kort tid vart den kreative krafta i bandet. Han skreiv mange songar i lag med den kontroversielle Hollywood-impresarioen Kim Fowley. Stephen A. Love frå Rick Nelson sitt Stone Canyon Band og Roger McGuinn Band erstatta Battin etter han slutta i gruppa for å bli med i eit sameina The Flying Burrito Brothers i 1976. Kort tid etter gav Spencer Dryden seg som musikar i gruppa for å bli manageren deira i staden i 1977. Erstattaren hans i bandet var Patrick Shanahan. Allen Kemp kom inn i bandet på bass i 1978 før han etter kvart tok steget fram som dels frontmann på gitar og vokal, og skreiv mange av songane deira for det siste albumet deira for eit større selskap, Feelin' All Right i 1981.[5]
I 1982 slutta Nelson og Cage i bandet, og Dawson var det einaste medlemmet att frå den klassiske besetninga.
New New Riders: 1982–97
Frå tidleg i 1980-åra til seint i 1990-åra, fortsette Dawson som leiar i New Riders of the Purple Sage. Han fekk med seg bluegrass-musikaren Rusty Gauthier, som song og spelte akustisk gitar, slidegitar, mandolin, banjo og fele.[6] I denne femten år lange perioden var det ei besetning i stadig endring som spelte med Dawson og Gauthier i New Riders. Dette var mellom andre gitaristane Allen Kemp, Gary Vogensen og Evan Morgan, bassistane Fred Campbell, Bill Laymon og Michael White, og trommeslagarane Val Fuentes og Greg Lagardo.
Somme prosjekt bestod av nytt materiale, medan andre var nyinnspelingar av gammalt materiale. På somme album, som Midnight Moonlight, var stilen deira mindre påverka av elektrisk countryrock og meir av akustisk bluegrass.
Pause: 1997–2005
I 1997 var The New Riders of the Purple Sage oppløyst. Dawson trekte seg frå musikkindustrien og flytta til Mexico for å bli engelsklærar. På denne tida skipa Nelson sitt eige David Nelson Band. Bandet kom saman for ein konsert i 2001. I 2002 fekk New Riders ein ærespris av magasinet High Times. Dei som tok i mot prisen var ein skrøpeleg Dawson (som leid av emfysem), Nelson, Cage, Dryden og enkja til Torbert, Patti. Bandet spelte «Panama Red» og «Lonesome LA Cowboy» med Peter Rowan som ein del av feiringa. våren 2004 deltok Cage på fleire konsertar med David Nelson Band.
Det har vore mange medlemmar av The New Riders of the Purple Sag. Tabellen under syner ei noko forenkla utgåve av dei forskjellige besetningane bandet har hatt.[22]