John Collins Dawson IV (16. juni1945–21. juli2009), med kallenamnet «Marmaduke», var ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar. Han var mest kjend som leiar og medgrunnleggjar av countryrockbandetNew Riders of the Purple Sage. Han song solovokal på dei fleste av songane deira.
Historie
Musikkarrieren til Dawson byrja i midten av 1960-åra i visemiljøet i San Francicso Bay Area. Der møtte han gitaristen David Nelson, og var ein del av ei roterande besetning i Mother McCree's Uptown Jug Champions, eit jugband der Jerry Garcia og fleire framtidige medlemmar av Grateful Dead spelte.[1] Etter ein periode på Occidental College, vart Dawson verande i Los Angeles i fleire år. I 1969 kom han attende til San Francisco-området og spelte mellom anna på Aoxomoxoa, det tredje studioalbumet til Grateful Dead. Han byrja òg å skrive fleire countryrocksongar, samstundes som Garcia byrja å interessere seg for pedalsteelgitar. I lag med David Nelson, skipa dei New Riders of the Purple Sage.[2] The New Riders vart oppvarmingsband for Grateful Dead, og den originale besetninga inkluderte tre Grateful Dead-medlemmar . I 1970 og 1971 spelte New Riders og Grateful Dead fleire konsertar i lag.[3][4] I november 1971 erstatta Buddy Cage Jerry Garcia som pedalsteelgitarist i New Riders.[5]
Dei neste åra leia Dawson og Nelson eit New Riders of the Purple Sage i stadig endring, og spelte ein psykedelisk-aktig countryrock og gav ut ei rekkje studio- og konsertalbum. I 1997 trekte Dawson seg frå musikkindustrien, flytta til Mexico og vart engelsklærar, og New Riders vart oppløyst.
I 2005 starta David Nelson og Buddy Cage opp att New Riders of the Purple Sage, utan Dawson, men med hans løyve og støtte. Sidan dukka Dawson opp på fleire New Riders-konsertar som gjesteartist.[8]