Tajga (russisk Тайга́) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km nord for Kemerovo.
Busetnaden vart grunnlagd på slutten av 1800-talet i samband med bygginga av den transsibirske jernbanen. Han heitte i starten Tomsk-Tajozjnyj. Stasjonen vart opna i 1898. Tajga fekk bystatus i 1925.
Anzjero-Sudzjensk · Belovo · Berjozovskij · Gurjevsk · Jurga · Kaltan · Kiseljovsk · Leninsk-Kuznetskij · Mariinsk · Mezjduretsjensk · Myski · Novokuznetsk · Osinniki · Polysajevo · Prokopjevsk · Salair · Tajga · Tasjtagol · Topki