Leninsk-Kuznetskij (russisk Ле́нинск-Кузне́цкий) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved elva Inja, ei sideelv til Ob, rundt 80 km sør for Kemerovo.
Busetnaden vart først nemnt i 1763 som Koltsjugino (russisk: Кольчу́гино). I 1925 fekk han bystatus og namnet vart samstundes endra til Leninsk-Kuznetskij.
Leninsk-Kuznetskij er eit av hovudsentera for kolgruvene i Kuznetskbekkenet.
Kjelder