Syvde kyrkje er ei langkyrkje i Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Ho vart innvigd den 13. november 1837. Etter kyrkjelova frå 1851 var kyrkja for lita og måtte utvidast i 1870–71. I 1907 vart skipet gjort lengre, og kyrkja fekk nytt vesttårn og våpenhus. Sakristilbygget er frå 1950-åra. Kyrkja vart elles restaurert i 1971, 1988 og 2014.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja.
Kjelder
Syvde sogelag (1970). Syvde kyrkje. Eige forlag.
Rasmussen, Alf Henry (1993). «Syvde kirke, Myklebust». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 304. ISBN82-7527-022-7.
Fotnotar
↑Rasmussen (1993), s. 304. Dette kan ha vorte redusert.