Peparplanten er ein fleirårigklatreplante med vedstamme som kan bli opptil 4 meter høg. Han veks opp langs tre, master og stativ. Planten har luftrøter og kan også slå rot om han når bakken att. Blada er hjarteforma og kan bli 12-18 cm lange.[1]
Planten har små blomar som er kvite eller grøne. Dei sit i hengjande rakler som blir 4-8 cm lange.[2]
Vanlegvis har ulike plantar hann- eller hoblomar. Kvar hobloma dannar ei kulerund steinfrukt som blir kalla peparkorn. Peparkorna er grøne som kart og raude i mogen tilstand. Kvar klase inneheld opptil femti peparkorn.[1]
Peparkorn
Innhausting og tørkemetode avgjer fargen på peparkorna, som kan vera svarte, kvite, grøne eller raude. Dei tradisjonelle fargane er svart, som er tørka peparkorn med skal, og kvite, der skala er fjerna. Raude og grøne peparkorn kan også syltast.[3]
Dyrking
Peparplanten veks i tropisk klima og blir mellom anna dyrka i India, Indonesia, Vietnam, Malaysia og Brasil. Dei viktigaste produsentlanda var opphavleg India og Indonesia, men Vietnam auka produksjonen og blei den største peparprodusenten på 2000-talet.[3]