Luftrøter kan anten veksa nedover mot jorda, der dei veder eller forgreinar seg, eller ut i lufta, til dømes for å unngå vassmetta jord. Dei sistnemnde er dekte av ein fleirlaga epidermis, velamen, danna av døde og ofte luftfylte celler. Dei høvesvis stive celleveggane har ei mengd porer. Den vanlege oppfattinga er at velamen tener som absorpsjonsvev for vatn (ikkje vassdamp). Luftrøtene inneheld klorofyll, og grønfargen kjem tydeleg fram når vatn fortrenger lufta i velamen.