Banyan eller banyantre (Urostigma) er ein type fikentre med luftrøter som veks ned til jorda frå greinene og hardnar, slik at treet aukar i omkrins. Ei kjend form av treet er poppelfikentre (Ficus benghalensis), som ofte er det ein meiner når ein snakkar om banyantre. Banyan blir brukt som pryd- og skuggetre. Det er også populært som bonsaitre.
Døme
-
Ficus aurea
-
Poppelfikentre (
Ficus benghalensis)
-
Ficus microcarpa
-
Ficus obliqua
-
Ficus rubiginosa
Kjelder
- «Banyantrær», Botanisk- og plantefysiologisk leksikon, mn.uio.no
- «Fiken» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Henta 10. desember 2013.
Bakgrunnsstoff