Sullivanbreen er ein isbre som flyt vest og ut i Gilbertbreen, like sør for Elgar Uplands nord på Aleksanderøya i Antarktis. Isbreen vart oppdaga frå avstand av British Graham Land Expedition i løpet av ein flytur i 1937 og grovt kartlagt. Han vart kartlagt på ny frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. I samband med at stadnamn i området vart kalla opp etter komponistar, vart han namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter sir Arthur Sullivan (1842–1900), ein engelsk komponist.
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sullivan Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).