Stuart Pearce
Stuart Pearce (fødd 24. april 1962 i Shepherd's Bush) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som var aktiv mellom 1978 og 2003. Han spelte 78 landskampar for England mellom 1987 og 1999. Han deltok for England i VM i 1990, EM i 1992 og EM i 1996. Klubblaga han spelte for var: Coventry City, Nottingham Forest, Newcastle United, West Ham United, Manchester City. Han vann ligacupen med Nottingham Forest i 1989 og 1990. LandslagsspelPearce debuterte på det engelske landslaget mot Brasil i mai 1987. Fram til september 1999 spelte han i alt 78 kampar og skåra 5-fem landslagsmål. Under VM i fotball 1990 deltok han i dei seks fyrste Englands-kampane, men ikkje i bronsefinalen mot Italia. Både under EM i fotball 1992 i Sverige og EM i fotball 1996 på heimebane var han fast høgreback på Englands lag. Han var kaptein i 9 landskampar, mellom anna då England og Noreg spelte uavgjort på Wembley stadion i London den 14. oktober 1992. Kjetil Rekdal utlikna då til sluttresultatet 1-1 med eit fabelaktig langskot i det 77. minutt. Merittar
Kjelder
|