Strongylí Kastellorízou (gresk Στρογγυλή Καστελλορίζου, tyrkiskÇam Adası) eller Strongylí Mejístis (gresk Στρογγυλή Μεγίστης), òg kalla Strongili eller Ipsili, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet, om lag 9 km søraust for øya Kastellórizo. Øya er om lag 1,5 km lang og opp til 700 meter brei. Ho dekkjer eit areal på 0,9 km². Strongylí er heller flat og er dekt av macchia. Øya høyrer til kommunen Kastellórizo.[1]
Strongylí er den austlegaste øya i Hellas. Ho har eit fyr, som dermed er den austlegaste bygningen i Hellas. Det er registrert 1 innbyggjar ved folketeljinga i 2021.[1]